Bjørn Engelbrektsson er låtskrivar og musikar med base på vakre Stadlandet. Musikken er inspirert av kystliv, natur og menneske på godt og vondt. Tekstar på norsk, og sunge på «stassardialekt».  Sangen «Ta mej med» vart gitt ut no i starten av februar. Bjørn gav også ut to låter sommaren 2020, «Shetland» og «Solkrem» og begge har fått merksemd i sosiale medier. Låtane vart også brukte i en NRK-produksjon sist sommar.

Bjørn Engelbrektsson formidler levande musikk med behagelig volum og flott lyd- og lysdesign. Bruken av lydfiler gjer at det låter som et heilt orkester, der Bjørn tilfører akkustisk gitar og sang. Repertoaret er, i tillegg til egne låter, ei blanding av musikkstiler og artister som treffer godt for dei som liker å danse. Varierte rytmer og kjente låter blir spelt med  entusiasme og stor speleglede, og Bjørn konkurrer nok heilt i toppen om der var ei kåring som heitte; «Norges blidaste enmannsorkester».

Scroll Up